Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Invitasjon til julebord 2

Julebord 30. november

Bli med på julebord! På same måte som ifjor har me eit kort innføringskurs i dei viktigaste dansestega for dei som ikkje kan så mykje gamaldans (eller gladdans som det egentlag er)... Og som ifjor er det dugnadsspeling til dans av alle som vil. God mat, god prat, flott musikk og triveleg samvær. Meir info kjem! Hugs å setje av dato og gå inn på denne sida for å bestille rom!

IMG_65641

Minneprisen 2024 til ung utøvar frå Ålesund

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE 2024 er tildelt Emil Røli Daniel, 17 år, frå Ålesund.

Prisen, som er på 20 000 kroner, blir delt ut på Vestlandskappleiken på Skei i Jølster, lørdag 5.10.2024.

Nettsidefane (5)

Program Vestlandskappleiken 2024

Her kan du sjå program og startlister for Vestlandskappleiken 2024. Merk at tidspunkta som det står ca. på er berre estimat. Sjokoladekappleiken laurdagen kl. 13:30-15:30 skjer parallellt med tevlinga på Vestlandskappleiken på hotellet.

Nettsidefane (4)

Mat og overnatting på Vestlandskappleiken

Her finn du info om mat og overnatting på Vestlandskappleiken 2024. Her finn du òg lenkje for å booke hotellovernatting til rabatterte prisar under kappleiken. Hugs frist for å booke hotellrom til rabatterte prisar 22. september!

fm

Folkemusikk-kafé i Hyen 6. oktober

Marthe Aa og Fredrik Hope fortel om arbeidet deira med folkemusikkhistoria i Hyen – og syng og spelar attpå!
Hyen bygdekvinnelag og Hyen spelemannslag inviterer til folkemusikk-kafe på Kleppenes gard på Kleppeneset sundag 6. oktober.
458123619_1005244474630438_2751169656256502042_n

Skeitreffen 2024

Det vert Skeitreffen i år òg! Fyrste helga i november møtast trekkspelentusiastar og danseglade på Skei hotell!

UngOsa-Helgekurs-scaled-panorama-2a92c6d0a1b6319455df3cde863bd327-5d021e5fbd03e

UngOsa 2024

UngOsa, 25.-27. oktober, som kvar år vert arrangert på Voss i høve Osafestivalen har opna påmeldinga! Dette er eit kjekt kurs for born og unge som er verdt å få med seg. Påmeldingsfrist er 20. september, men det vert som regel fullt, så her gjeld det å slenge seg rundt og melde seg på.

pols

Pols til Vestlandet 26. oktober i Jostedalen

"Rørosingan" kjem til Vestlandet for å lage Sangerhuset-stemning på Jostedal hotell! Her kan du friske opp rørospolsen på polskurs, ete god middag, høyre buskspell og få opp pulsen som polsdansar eller konsertdeltakar på dansekonserten.

erlend

Erlend Viken trio på Pederhuset

Erlend Viken trio spelar konsert på Pederhuset på Breim laurdag 26. oktober kl. 20. Før konserten vert det òg nerdekurs i felespel, og etter konserten vert det folkemusikkpub!

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG