Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
skeitreffen

Skeitreffen 2025

Hald av datoane 7.-9. november, for då er det Skeitreffen att på Thon Hotell Jølster, med mykje trekkspelkonsertar, dans og distriktsmeisterskap i trekkspel!

TØFT oppsummering vår 2025 (1)

TØFT våren 2025

Våren 2025 fekk 5 søkjarar tilskot til TØFT-prosjekt. 3 av desse gjennomførte prosjektet, medan 2 måtte utsetje prosjektet til hausten. Vi takkar så mykje alle som var med på vårens prosjekt, særleg Gjensidigestiftelsen som har sponsa prosjektet. Her kan du lese litt om korleis TØFT-prosjekta våren 2025 gjekk.

522714691_1049860923972271_3927848873593034907_n

Folkemusikkpub 8. august

Fredag kveld 8. august kl. 21 under Fest i Fjaler lagar Folkemusikklaget Havbrusen med vener stemning i Løa.

Per Tomas Kjørvik er fotograf

Bli med i Heimelaget til Landsfestivalen i gamaldansmusikk

Er du frå Sogn og Fjordane, spelar hardingfele eller trekkspel, og synast det er synd å ikkje vere med på Landsfestivalen i gamaldans i Oppdal 30. juli til 3. august? Då kan du slenge deg på Heimelaget som skal spele der på fredagen i lagspel! Fyrstkomande laurdag kl. 12-15 har vi øving på Jølster samfunnshus på Skei der vi går gjennom slåttane, elles kan vi sende opptak av slåttane vi spelar dersom du ikkje kan kome. Send ein epost til nikolai@folkemusikklaget.no, så ordnar vi med etterpåmelding!

gamaldans luster

Gamaldanskurs 4. juli!

Det vert gammaldanskurs med Jostedal spel- og dansarlag i høve Bergtattfestivalen i Luster!

 

LF25

Landsfestivalen 2025

No er det ikkje lenge att til påmeldingsfristen til Landsfestivalen! Den er 9. juli! Vonar flest mogleg frå Sogn og Fjordane er med anten som spelande, dansande, frivillig eller publikum.

ungosa

UngOsa 2025

Påmeldinga til UngOsa 24.-26. oktober er open! Påmeldingsfristen er 20. sept, men meld deg på no, fordi det brukar å verte fullt!

krøsshaugen

I Krøsshaugens fotefar: Galdane 18. juni

Onsdag 18. juni 15.00 blir det konsert med Sivert Holmen og Hans Hulbekmo på husmansplassen Galdane i Lærdal kommune.  I år er det 240 år sidan spelemannen Lars M. Krøsshaug (1785-1830) avart født og i juni pakkar Sivert Holmen fele og telt i sekken og legg ut på ein vandreturné i fotefara hans.

Heimelaget 2025 foto Per Tomas Kjærvik i Reed foto (1)

Avlyste øvingar i Heimelaget

Øvingane i Heimelaget 14. og 27. juni vert avlyst. Neste øving er 19. juli kl. 12-15 på Jølster samfunnshus på Skei! 

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG