
Skeitreffen 2025
Hald av datoane 7.-9. november, for då er det Skeitreffen att på Thon Hotell Jølster, med mykje trekkspelkonsertar, dans og distriktsmeisterskap i trekkspel!
Hald av datoane 7.-9. november, for då er det Skeitreffen att på Thon Hotell Jølster, med mykje trekkspelkonsertar, dans og distriktsmeisterskap i trekkspel!
Vestlandskappleiken 2025 er 10.-11. oktober i Øystese! Hald av datoen!
Våren 2025 fekk 5 søkjarar tilskot til TØFT-prosjekt. 3 av desse gjennomførte prosjektet, medan 2 måtte utsetje prosjektet til hausten. Vi takkar så mykje alle som var med på vårens prosjekt, særleg Gjensidigestiftelsen som har sponsa prosjektet. Her kan du lese litt om korleis TØFT-prosjekta våren 2025 gjekk.
Fredag kveld 8. august kl. 21 under Fest i Fjaler lagar Folkemusikklaget Havbrusen med vener stemning i Løa.
Er du frå Sogn og Fjordane, spelar hardingfele eller trekkspel, og synast det er synd å ikkje vere med på Landsfestivalen i gamaldans i Oppdal 30. juli til 3. august? Då kan du slenge deg på Heimelaget som skal spele der på fredagen i lagspel! Fyrstkomande laurdag kl. 12-15 har vi øving på Jølster samfunnshus på Skei der vi går gjennom slåttane, elles kan vi sende opptak av slåttane vi spelar dersom du ikkje kan kome. Send ein epost til nikolai@folkemusikklaget.no, så ordnar vi med etterpåmelding!
UngLåt 2025 er no historie. Her kan du lese og sjå om kva som har skjedd dei siste dagane i Førde.
Det vert gammaldanskurs med Jostedal spel- og dansarlag i høve Bergtattfestivalen i Luster!
No er det ikkje lenge att til påmeldingsfristen til Landsfestivalen! Den er 9. juli! Vonar flest mogleg frå Sogn og Fjordane er med anten som spelande, dansande, frivillig eller publikum.
9. juli kl. 16:30 vert det seminar i høve Jørn Hilme-stemnet i Festsalen på Valdres folkemuseum på Fagernes der tema er Musikken og dansen rundt Filefjell!
Påmeldinga til UngOsa 24.-26. oktober er open! Påmeldingsfristen er 20. sept, men meld deg på no, fordi det brukar å verte fullt!
Onsdag 18. juni 15.00 blir det konsert med Sivert Holmen og Hans Hulbekmo på husmansplassen Galdane i Lærdal kommune. I år er det 240 år sidan spelemannen Lars M. Krøsshaug (1785-1830) avart født og i juni pakkar Sivert Holmen fele og telt i sekken og legg ut på ein vandreturné i fotefara hans.
Øvingane i Heimelaget 14. og 27. juni vert avlyst. Neste øving er 19. juli kl. 12-15 på Jølster samfunnshus på Skei!
Velkomen til folkemusikkpub på Møteplassen Samvirket i Dale i Sunnfjord 25. juni kl. 19!